Peer Perez Øian regi på Børli-feiring

Per Perez Øian skal ha regi på storfeiring av Hans Børli i jubileumsåret 2018 på Det Norske Teatret.

Øian (f. 1980) har ein bachelor i scenekunst frå Emerson College, USA (1999-2003) og har elles femårig regiutdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han vann Heddaprisen i 2011 i klassen for beste regi for tolkninga si av Sjuk ungdom av Ferdinand Bruckner på Det Norske Teatret. Øian regisserte òg teaterframsyninga Solaris korrigert på Det Norske Teatret i 2015 (med Ane Dahl Torp i hovudrolla), og Heddaprisen 2016 i klassen årets framsyning gjekk til Solaris Korrigert.

Frå 2014 til 2018 er Øian tilsett som husregissør på Det Norske Teatret.